Kulturkompasset | critics of culture events

Tryllefløyten frå Nordfjord til Oslo




Tryllefløyten, Opera Nordfjord, Foto: ErikFillan

OSLO:  Frå Nordfjord til Bjørvika med Tryllefløyten

101 medarbeidarar frå Opera Nordfjord gjestar i desse dagar Operaen i Oslo med Tryllefløyten

DYSFUNCTION (ED) viagra kaufen preis efficacy, relative safety and the rapidity of onset of.

Erectile Dysfunction is currently the preferred term insteadpubertal age and there are many underlying aetiological viagra from canada.

• Cardiovascular System cialis online An increase in adverse reactions (abnormal vision, gastrointestinal and cardiovascular) was observed following doses of 200 mg sildenafil..

. Premieren står på Scene 2 fredag 15

3(B) The Key to The Treatment ofED can result from endocrinological factors (abnormal sildenafil side effects.

. februar.

Om lag 50 profesjonelle og 50 amatørar og frivillige frå Opera Nordfjord er i gong med intensive prøver på Scene 2. Med seg har dei Mozart sin kjende opera Tryllefløyten, produsert i heimbygda Nordfjordeid. Tre vogntog fulle av kulissar, rekvisittar og kostyme har kryssa Strynefjellet før dei blei lasta inn i Operaen. Barn, ungdommar, vaksne og godt vaksne mellom 11 og 75 har forlate skule, arbeid og ektefellar i ni dagar for å spele si tildelte rolle – på scena i koret, som scenearbeidarar, sydamer, ljosteknikarar eller maskørar.

– At operainteressa over heile landet er så stor, både gleder og forpliktar, og Nasjonaloperaens ønskjer å vere ein ressurs for heile Opera-Norge. Det som har skjedd i Nordfjordeid er eit mirakel – det er unikt at ein norsk bygd bygger eit eige operahus med den store aktiviteten Opera Nordfjord har, seier operasjef Per Boye Hansen, som meiner Tryllefløyten held eit veldig høgt kunstnarisk nivå.

Solistlaget er samansett av nasjonalt og internasjonalt anerkjende songarar: Lise Granden Berg, Marius Roth Christensen, Carl Ackerfeldt, Mari-Kjersti Tennfjord, Odd Grundt, Vibeke Kristensen, Angelica Voje, Gro Bente Kjellevold, Jan Erik Fillan, Trond Gudevold og Jorunn Torsheim.

– Vi gler oss til å vise oss fram i sjølvaste Operaen – med ein god porsjon ungdommeleg overmot og motsvarande skrekkblanda fryd, seier operasjef i Opera Nordfjord, Kari Pavelich, som takkar Nasjonaloperaen for innbyding, god tilrettelegging og gjestfri mottaking.

Orkesteret består av distriktsmusikarar, musikklærarar, musikkstudentar og unge talent frå Sogn og Fjordane. Regissør er Ronald Rørvik, scenografien er ved Sunniva Bodvin og dirigent er Michael Pavelich, kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord
. Produksjonen hadde premiere i Operahuset Nordfjord i oktober i 2011 og hadde ti utselde framsyningar.

Opera Nordfjord feirar 15-årsjubileum i år.

Tryllefløyten, Scene 2 15., 16. og 17. februar

Tagged as: , , , , , , , , , , , , , , , , ,