Kulturkompasset | critics of culture events

Alfred Janson – Arne Nordheims komponistpris for 2016


Alfred Janson tildelt Arne Nordheims komponistpris for 2016

Alfred Jansn er tildelt Arne Nordheims Ærespris 2016 
. Foto: Music Norway.

Alfred Jansn er tildelt Arne Nordheims Ærespris 2016
. Foto: Music Norway.

OSLO/NORGE: Komponisten Alfred Janson er tildelt Arne Nordheims komponistpris for 2016. Prisen blir overrakt av statssekretær Bård Folke Fredriksen laurdag 17. september, under Ultimafestivalen. Prisvinnaren får 200 000 kroner og eit diplom. 

Frå juryen si grunngiving om prisvinnaren:

”Vinnaren av Arne Nordheims komponistpris 2016 har reist på kryss og tvers i det norske musikklandskap, frå teater til ballett, frå opera til viser og frå konsertsal til danselokalet. Prisvinnaren er både ein særs dyktig komponist og ein virtuos musikar innanfor ei rekkje sjangrar. Den fremste eigenskapen hans er etter juryen si meining at han er musikalsk improviserande, men samstundes ein gudbenåda konstruktør.”

 Alfred Janson blir gjerne omtalt som ein moderne romantikar som er inspirert av både jazz og elektronikk. Hans verk viser kreativ kraft, originalitet og viljesstyrke, samstundes som dei har ein lys lyrisk undertone. Janson har tatt imot fleire prisar og utmerkingar som komponist og utøvar.

Om Nordheim-prisen:

Arne Nordheim, da han hadde fått St. Olavs ordenen. Foto: Internett hjemmeside.

Arne Nordheim, da han hadde fått St. Olavs ordenen
. Foto: Internett hjemmeside.

Arne Nordheims komponistpris blei oppretta av Kulturdepartementet i 2001 i samband med komponisten sin 70-årsdag. Prisen blir delt ut kvart anna år under Ultimafestivalen
.
I juryen sit komponist Håkon Berge (leiar), journalist og kritikar Ida Habbestad og komponist og professor Asbjørn Schaathun

flow into the lacuna spaces (sponge-like penile tissue).factors for CAD – generic viagra online.

.

Tidlegare vinnarar:

2014 Magne Hegdal
2012 Øyvind Torvund
2011 Trond Reinholdtsen
2010 Ruben Sverre Gjertsen
2009 Magnar Åm
2008 Ragnhild Berstad
2007 Nils Henrik Asheim
2006 Ole-Henrik Moe
2005 Sven Lyder Kahrs
2004 Cecilie Ore
2003 Lars Petter Hagen
2002 Kåre Kolberg
2001 Maja Solveig Kjelstrup Ratkje

Tagged as: , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,